
Eg tykkjer at Haugtussa i aller høgaste grad er eit verk ein har både glede og nytte av å lese i våre dagar. Ein kan kanskje seie at vi stiller med endå fjernare grunnlag for å leva oss inn i forteljingane som byggjer på den gamle folketrua, men vi må ikkje gløyme at folk no til dags absolutt er opptekne av det åndelege livet, og kva som bor omkring oss som vi ikkje kan sjå. Eg vil til dømes tørre påstå at det er ein god del folk i Noreg som følgjer med på «Åndenes makt» på TV Norge. Eg trur eigentleg at folk flest, sjølv om dei kanskje ikkje har ein allmenn oppfatning av at ånder, tussar og troll finst, er fascinerte av det overnaturlege. Og ikkje minst så likar vi å høyre om korleis folk før i tida hadde det, og kva dei trudde på. Av å lese Haugtussa, får vi eit lite innblikk av korleis folk oppfatta desse tinga i gamle dagar. Fagleg sett så er Haugtussa også ei god kjelde til å få ei god gammaldags nynorsk-oppleving. Arne Garborg har eit vakkert og svært poetisk språk, som gir liv til teksten. Og om ein ikkje skulle vere opptekne av å lære noko av denne diktsamlinga, så vil eg likevell anbefale den som ei god dikt-oppleving, for dette er ei vakker samling av lyrikk, og den blir enda vakrare når ein høyrer den i musikalsk utgåve!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar